Morer

Alle har vi morer. Disse fantastiske menneskene som alltid, uansett hva som har skjedd,  tror det beste om ungene sine og som aldri nøler med å stå på og hjelpe dem.  Min mor var intet unntak.

 I tillegg elsket min mor å fortelle historier fra Ølen, hennes hjembygd, ofte iblandet mye god humor og ett godt smil.

Under har jeg lagt inn to historier som hun selv har skrevet. Historiene er fra krigen og gir ett glimt inn i en liten jentunge sin hverdag fra denne tiden. Sannsynligvis 2 historier som var skremmende for en jentunge på 8-9 år.

Mor var ikke noe selfie-dame. Som regel var hun ikke hovedpersonen i sin egne fortellinger. I disse 2 fortellingene er hun i det minste hovedpersonen i den ene.

Min mor skrev på nynorsk, noe jeg ikke kan, så historiene er rene kopier av sånn som hun skrev dem. Ingen kunstneriske friheter her.

Svingen

Det var mange som køyrde galt i svingen ved brua, men ei hending fra krigen huskar eg godt.

Det hadde kjøyrt fleire tyske lastebilar med russiske slaver forbi, men den siste som kom kjøyrande hadde stor fart og klarte ikkje svingen ved brua. Den kjøyrte inn i rekkverket på høgre sida og dermed fauk fangene og dei lause benkene dei sat på ut i elva. Lastebilen havna i grøfta på venstre side.

Fleire av fangane kom opp til husa heime. Dei var våte, fillete, og blodet silte av dei. Mor henta bandasje og ville hjelpa dei, men fekk ikkje lov av ein norsk hirdmann som passet på dei.

Han var kledd i svart hirduniform og svarte høge skinnstøvlar. Han sat seg på ein stein og tømte støvlane for vann og sa ‘‘jeg har vært i elven sjøl jeg’’.

Tannlege Thorsen hadde og sett det som hende og kom springande ned. Han ville hjelpa dei og kjøyra dei til distrikslegen, men det blei han nekta.

Fangane blei løfta opp på lasteplanet og køyrde vidare til Odda. Rykter me høyrde etterpå sa at mange var døde på grunn av skader og fleire hadde frosset i hjel på lasteplanet over fjellet.

Engelen i Eiodalen

Det var ein regnfull mørk haustdag at mor mi ba meg gå til handelslaget og kjøpe brød. Det var mange kunder der og eg blei stående ei stund å vente.

Far var der og, men han skulle et annet ærend.  Han bad meg skunde meg hjem før det vart mørkt.

Eg fekk dei 2 brøda innpakket i gråpapir med hyssing rundt og betalte med rasjoneringskort og penger. Ved utgangsdøra var det trekt for med svart forheng så det ikkje skulle komme ut lys gjennom døra.

Det var blitt heilt mørkt i Sjoagata og blendingsgardinene var trekt føre vindaugene.

Eg gav meg på hjemveg.

Lenger framme såg eg ein skikkelse som var på veg opp Eiodalen og eg fulgte etter.

Eg hørte elva som var flaumstor og buldra ned dalen. På mølla var blendingsgardinene trekt føre og eg hørte mølla som malte korn. I tunet stod bønder med hestar og kjerrer med korn som skulle leverast til mølla.

Eg hadde sett den kvite skikkelsen som gjekk foran meg heile tida, men nå var den plutseleg borte.

På høyre sida går ein sti opp skråningen til kyrkjegarden. Eg fekk panikk og tenkte det var ein engel som hadde gått foran meg og tatt snarvegen til kyrkjegarden. Dermed snudde eg og sprang det fortaste eg kunne ned dalen gjennom Sjoagarden. Videre burt til Urdal der eg visste far var og blei ståande innenfor porten og venta.

Det silregna, gråpapiret gjekk i oppløysing og brøda var blaute.

Far kom ut og såg eg stod og venta. Eg fortalte ikkje at eg hadde vore nesten heime og blei skremd.

Det var trygt å fylgja far opp dalen, men då me kom til Eiobrua såg me noko kvitt som flagra ute på bøen i lysstripa frå blendingsgardina i huset. ‘’Sjå, der er det som skremde meg i dalen’’ sa eg.

Far ropte og hoia om der var folk. Då høyrte me ei kvinnestemme som ropte om hjelp. Ho fann ikkje vegen i mørket.

Det var fru urmaker Austrheim, med kvit regnkåpe, som hadde vore hos tannlege Thorsen. På nedveien hadde ho mista retningen på gardsveien og havna ut på bøen.

Far måtte fylgja henne ned Eiodalen for ho såg ikkje veien i mørket. Og eg gjekk heim med 2 blaute stompar under armen

3 søstre

Eide familien

Den minste mangler

Eide familien komplett

Mor som brud

Mor og far på tur

Kommentarer

23.12.2019 14:55

solfridaune@hotmail.no

Font minne sure et om din mor Jan Idar. Vi savner henne alle I familien vår.

13.11.2019 10:21

Terje

Koseligt!