23. feb, 2021

Valpen

Ganske ofta så får eg hørra at eg må skaffa meg ett liv. Kanskje ikkje ganske ofta, men ihvertfall av og te. Når eg treffe nye folk og de blir kjent med meg så kan det ihvertfall henda at de seie någe sånt te meg.

Eg leve jo strengt tatt ett ganske spenningslaust og kjedeligt liv for det mesta. E liksom ikkje møje fart og spenning med meg. Å ligga i 90 i 80 sonen på RV13 i ryfylke e liksom ikkje någe så pushe adrenalinpompå te någen så helst her i livet. Men det e liksom sånne ting eg kan sitta og prata om når eg ska greia ut om dramatikken så skjer i livet mitt.

Som ei dama, som eg la forgjeves an på, sa te meg, ‘kem bryr seg’,

For å endra litt på sånne ting her i livet så har eg gjort ett dramatisk valg. Eg har for femte gang fått meg ein hund. Ein liten tispevalp som hette Frøya.

Hvis du lure på koffer eg har hatt så lite oppdateringar på disse sidene i det sista så e det grunnen.

Føding og det å få seg valp har ett par tri likheter som me ikkje alltid tenke så møje øve. Hvis du tenke itte så komme du sikkert ikkje på någenting.

Grunnen te at me ikkje komme på det e at me går rondt og fortrenge sånne ting. At damer føde med kjempestore smerter og finne ut at det ska de gjør kanskje ein, to, tre ganger te, står for adle oss menn som någe aldeles ubegripeligt. Å få seg ein valp så tygge deg sundt, tygge møblene sundt, tygge klærene sundt, pisse og drite øve alt, spise sin egen drit, ska ha turer døgnet rondt, hyle og skrike med ein gang du lukke dørå te dass for du har lyst å drita litt sjøl, e for meg heilt ubegripeligt. Og nå har eg altså gjort det for femte gang.

For eg hadde jo heilt glømt ut kossen det va.

Spesielt perioden med innepissing og innedriting e grævla plagsom. Og kver gang hu vise tegn på at hu har forstått og går te dørå når hu ska på do, så kjenne du på ekta lykke.

Men den lykken blir fort skofla øve på lykkenes bossplass.

Du går lange turar med nar. Lenger og lenger går du. I håp om at hu vil drita og pissa ein skvett på turane. Men flinke så hu e så holde hu seg te hu e komt inn i leiligheten og har fått adle fira beinå godt planta på teppet ditt. Tissa på tepper e tydligvis någe av det herligaste så finst for ein lett utsleten og forfrossen valp.

Når reservepasserane eg har, skryte av kor flinke hu e og at hu alltid går te dørå når hu må på do, så blir eg bare irritert (eg har ett par tri backuphjem som eg bruke på dagtid når hu ikkje kan vær med meg, og av og te må de ha nar på overnatting slik at eg kan få kreftene mine tebake).

Joda, du kan sei at eg har fått meg ett liv. Møje stress, møje vasking, møje frustrasjon og møje bekymring.

Pussig nok møje glede og.

....for eg elske jo det der litla nurket eg har fått inn i hus.