12. sep, 2020

Singel i livet

Det e likson någe nytt for meg. Det å vær aleina. Det e absolutt ikkje någe eg har hatt lyst te. Eller har prøvd å bli. Men eg fekk nå eingang sparken som samboar. Blei rett og slett dytta ner te det lavaste mannanivået som fins. Og det e någe eg bare må finna meg i.

Men det e jo litt spennande det og. Å utforska det der singellivet. Har aldri prøvd det ut egentlig. Og eg ser jo at det e grævla anderledes enn samboer/gift livet. Det e ikkje bedre men det e heller ikkje nødvendigvis så grævla møje verre, det e ihvertfall anderledes.

Me e jo ikkje skrudd i samen for å vær single. Men eg e egentlig godt forberedt på det. I likhet med de fleste menn som får sparken som samboer så e der ei ganske lange oppsigelsestid. Møje mer enn 3 måneder  sånn så du har det i de fleste andre jobbar her i livet. Og den tiå gjør deg ganske så forberedt på det som komme.

Du får ganske tidligt sparken som fruktbarhetsguden på soverommet. Ganske lenge før du blir forvist fra soverommet. Kanskje år før oppsigelsestiå starte. Slik at sølibatlivet du leve som singel e någe du e vande med fra før av.

Som singel så må du vaska klenå dine sjøl, henga de te tørk og bretta de. Akkurat vaskingå fekk eg aldri lov te i samboerskapet, men det går greit. De kvite klenå slutte jo ittekvert å vær kvite. Men det går fint. Kvite ting like eg ikkje uansett.

Handling e verre. Eks’en skreiv alltid lappar te meg. Nå skrive eg lappar sjøl. Og det går grævla dårligt. Eg huske ikkje å skriva opp alt eg trenge, eg handle ikkje stort mer enn halvparten av det som står på lappen og eg kjøpe grævla møje eg ikkje har bruk for og som ikkje sto på lappen. Eg har for eksempet 3 flasker med regngjøringsmiddel for dass, 2 flasker for speilreingjøring for ikkje å snakka om ubegrensa mengder med stoff så kan gjør steikovnen min reine . Trenge ikkje handla det på mange år.

Det så e grævla fint med å vær singel e at eg kan vær akkurat så hensynsfulle eller hensynsløse eg vil kver dag. Der e jo ingen rondt meg så bryr seg. Men eg e egentlig grævla hensynsfulle. Og det går ut øve plantene mine. Kver dag lure eg på om de har fått det de trenge. Eg tror eg komme te å vanna de ihjel. Nok kos får de ihvertfall. Eg lure på om eg ska skaffa meg hund. Godt mulig eg komme te å kosa an ihjel. Men då dør an i det minsta lykkelig, tror eg.

Nå kan eg konsentrer meg om alt eg har hatt lyst te å konsentrera meg om heila livet. Lera tysk, gå lange turer, spela golf, lera meg ennå mer om vin og øl, samla på frimerker, trena, utvikla bloggen min og få millionar med lesere og mange andre ting.

Problemet e at når du e singel så betyr adle de der greiene dine ingenting.

At de kvite klenå dine fortsette med å vær kvite og at handlelappen e på stell betyr faktisk mer.