2. jun, 2019

7-nutsturen og livet

Det e ein vakker tanke. Det at livet e som ein 7-nuts tur. Sånn ein tur vett du så de har arrangert i Sandnes i 21 år nå. Joda, eg vet at der e andre så prøve å laga elendige kopier av det inne på strandalandet og rondt omkring i andre bortgjømde bygdasamfunn.

Men det e nå ein gang Sandnes sine nutar så gjelde. Store flotte nutar. Og av og te så tenke du at det e akkurat sånn så livet e. Du fyge opp og når du e på toppen så ser du alt. Akkurat som livet, du e på toppen, du e kongen på haugen og ser alt.

Men det e ein løgn, ein kjempesvære løgn. Turen te topps i livet e bare fryd og gammen. Turen te toppane på 7-nuts turen e ett slit og strev og fyllt opp med kramper og vondter i deler av kroppen som du normalt ikkje vett at du har, i hvert fall ikkje tenke på.

Og når du har komt deg opp, fått tatt selfiane, drokke ein slurk vann så e det å skynda seg ner igjen.

I år gjekk eg for fysste gang uten turkameratar. Eg mistenke de for å ha litt mer vett enn meg og har fonne bedre ting å bruka ein heile søndag på. Plukka lo mellom tedene og i navlen, reingjør lesebriller, ha spyttekonkurranse med barnebarn og sånne spennande ting. I hvert fall ikkje trakka seg helselause i sju fjell.

Men eg gjorde det. Og siden eg va aleina og ikkje hadde någen sinker med meg så skolle eg ta i litt. Ingen pauser, finna ett tog med någen sprekingar og holla ett godt tempo tenkte eg.

Det e på grunn av sånne ting du må ha ein turkamerat, ein så skjønne ka så e i ferd med å skje inne i håvet ditt. Ein så seie ‘STOPP DIN DUST!’. Ein som på ein varsomme måte fortelle deg litt om alderen din og kaslags forfatning de enkelte bestandelene av det som utgjør kroppen din e i.

Neida, ingen begrensningar denne gang. Itte 2-3 kilometer med harde trakking kom eg endelig øve de lettebeinte spretne folkå som eg skolle ta fylle med. Eg burde vel ha reagert når eg hørte ein av guttungane kommentera stavane mine ‘synd at far min ikkje hadde sånne stavar, då konne han sikkert fått ett par gode år te før han drog inn årene’.  

Aligavel, fira toppar blei unnagjort i ein fei, men eg kjente jo at nummer fira ikkje va heilt god. Eg sleit med å dra meg forbi ein litt yngre kar med 30-40 kg ekstra rondt vommå si. I tillegg så hadde han ein følgemann fra institusjonen sin så passte på at han ikkje beit andre eller bare hoppte utforbi. Pytt pytt, eg drog meg forbi og opp Bjørnestadfjedlet.

Opp te Fjogstadnuten (nut nr 5), som egentligt ikkje e rare oppøvebakken, så kjente eg kramper i begge lårå. Eg kan med håndå på hjerta sei at eg aldri før har kjent kramper der. Eg kan egentligt ikkje huska å ha hatt kramper før. Men nå vett eg ka det e.

Det blei ein pause på Fjogstadnuten. Med lett skjelvande hender åpna eg nyddeposen min og la an i stabilt sideleie på bergnabben som eg satt på. Itte at halvparten av nyddene hadde ramla ner i graset, så satte ein fyr seg ner ved siå av meg. ‘ Slapp av’ sa an ‘dyrå ete opp de nyddene der’. Fyren satt og røykte ved siå av meg og fortalte om kossen 7-nuts turen på strandalandet hadde vært. Hadde visst vært så tøft at han hadde bare røykt 2 siggar på heile turen. Og det va vist lite røyking når du går øve 2,5 mil i fjedlet,

Vakje lenge eg gadd å sitta å hørra på ein slappfisk så tar seg lange pausar og røyke. Forta meg faderlig fort ner fra fjedlet og bort te Dalsnuten. Og det kjendes ut som om krampene va vekke. ‘Sikkert for det at eg e så gjønåtrente’ tenkte eg. Ein tanke så fordufta fortare enn ein fis i motvind når oppøvebakken begynte..

Fyssta steget oppøve trappene te Dalsnuten (sjette nuten) vekka opp musklaturen i venstre lår. Eg bestemte meg for å ta det heilt roligt og bare følga tempoet te ei sidrompa dama så rusla foran meg. Sakte sleit eg meg oppøve mot toppen, hu sidrompa damå seig i fra meg, men eg kom meg opp te slutt. Tok de 2 påkrevde selfiane og forta meg nerøve. Ner te Gramstad og spisa vaffel og drikka kaffi.

Joda. eg kom meg videre itte pausen, men det va ett slit å komma seg te mål. Ett skritt om gangen, vondt som pokker og møje gruing kver gang det dokka opp ein oppøvebakke. Pussigt nok så tok eg ikkje igjen någen lenger, og køane va bak meg og ikkje foran meg. Ein og aen spreking sprang ut i myrå ved siå av stien for å komma seg forbi meg, men ellers va det ganske så roligt. God balanse hadde eg og plutselig fått, sjøl om der va ein bak meg så va litt redde for honden sin for han synst eg veiva lovligt møje med stavane mine.

I mål itte 6,5 timar, innlevering av kort og ny pin te å setta i Capsen min. Rett bortforbi målseilet står jaggu meg fyren fra Fjogstadnuten å røyke og hilse på meg.

Kommentarer

03.06.2019 05:52

Irene Gjellestad

Nå huska eg plutseligt adle gronnane te at eg ikkje ska gå 7-nutsturen 🤔😄

03.06.2019 07:26

Jan Idar

.....ehhh, men det e jo ein heilt fantastiske tur, hvis du ser bort i fra ett par sånne små bagatellmessige hufseting