10. jul, 2017

Mannfolk

Finn deg ein hobby så e litt maskulin e någe eg stadigt vekk får hørra.

Men ka e ein maskuline hobby, trena med vekter, bygga motorsyklar og bilar, brygga øl, brenna brennevin. Eg vett ikkje, eg vett bare at eg har ingen hobby, i hvert fall ingen hobby som eg kan sei e sterkt prega av at eg e ett skikkeligt mannfolk.

Eg trene litt, men ingenting ordentligt, eg bygge liksom ikkje store musklar og ser ut som ein gorilla.

Eg harkje peiling på bilar og motorsyklar, eg kan kjøra bilen inn i vaskemaskinen og fylla på drivstoff, men det e liksom alt.

Eg lure litt på de der ølgreiene, å brygga øl og sånn, men då må eg kjøpa masse utstyr, og prøva og feila, og drikka, og ha masse prestasjonsangst i tilfelle de andre ikkje like det. Virke som møje ork for lite.

Eg går jo møje tur i fjellet, ekta mannfolk gjør jo det. Men det de ekta mannfolkå gjør, e at de pakke ein ryggsekk som de drasse med seg. I ryggsekken så de pakke, så e der liksom ein unnik, ett lite fjelltelt, litt brennevin og diverse natur overlevnings-redskaper. De går og stabbe rondt på viddene i dagavis og kan fint leva av de greiene de finne på fjellet. Eg tør ikkje leva i telt og sånn, dyr kan jo komma og ta meg, og kem vett ka andre ting så finst i naturen og som kan finna på å komme og ta meg. Dessuten så kan det vær grævla vanskelig å få med seg adle greiene mine, 55 år gammale mann medisiner, flasker med eplecider og Rias Baixas viner, KMS Hair Remedy etc etc. Og ikkje e der skikkelige toaletter og varmt vann heller i naturen.

Ein ting så eg har begynt å gjør, det e å sleppa ut skjegg, eg ser jo at ekta mannfolk har skjegg, derfor vil eg og ha. Så ligne eg i hvert fall litt. Men eg kjenne det på meg, eg komme te å stussa og pynta og styla det skjegget, så det ende nok opp med at eg må kvitta meg med det. Ett skjegg så ser ut som ein styla dott gjør deg liksom ikkje te mannfolk.

Eg konne jo begynt å gå på fotballkampar, eg tror det e någe ekta mannfolk gjør, det og ishockey. Då må eg stå og brøla stygge ting, spesiellt te dommaren, og så må eg vær leie meg i mange dagar når ‘laget’ mitt har tapt. Og skriva masse hissige negative ting på adle de sosiale mediene. Eg kjenne at det e ikkje heilt meg. Det blir liksom litt sånn halv-religiøs fanatisme. Det e liksom ikkje ein retning eg vil at livet mitt ska ta. Sjøl om eg nok blir litt mer mannfolk av det.

Eg tror eg fortsette med golf og boklesing. Det e liksom det eg gjør, ikkje så møje golf, men såpass møje at eg kan kalla det for ein hobby. Meg eg tror ikkje någe av dette kan kallast for maskuline hobbyar.

Eg blir nok aldri ett sånn ett mannfolk så kvinnfolkå ser på og kjenne at det krible litt i eggstokkane sine. Sånn e det bare.